|
Velkommen til Eljervik
Gard
Eljervik Garden ligg i Åkrafjorden Landskapspark like ved E134 og har ein fantastisk utsikt til Langfoss, som er vår største turistattraksjon.

På bestilling gjennom Åkrafjorden Oppleving AS tar vi imot grupper som ønskjer eit besøk hos oss.
Vi vil gi gjestene våre gode opplevelsar i naturskjønne omgivelsar, og fortel gjerne om gardshistorien og det spesielle kulturlandskapet. I området er det mange flotte turløyper som er merka.
Ein ”ToppTur” til Langfoss stølen kan anbefalast. Våre guidar tar dere med på turar, om de ønskjer det.
Ved overnatting og bevertning leiger vi ut ”kårhuset.” Her kan de nyte utsikten til Langfoss og fjorden like utanfor husveggen, eller
ta plass rundt langbordet og nyte god lokal mat i stemningsfulle, rustikke lokaler.
Flotte sjøopplevelsar og fiske frå land eller i båt.
Badestrand for barn og vaksne. Vi leiger ut fiske/turbåt.
Det er dyr på garden, men om sommaren er sauene på fjellbeite. Alelamma blir igjen her og dei er alltid glade i selskap.
Her er også ein liten hønsegard og ein hund som heiter ”Zippo”.
Fjordsafari
Vi tar dere med på ein spennande og fartsfullt eller rolig opplevelse med R.I.B. båt. Med erfarne førarar drar vi på sjøen og får nærkontakt med fjord,
fjell og foss. Guiden er med på fjordsightseeing og fortel om høgdepunkt og har kanskje ei ”røvarhistoria” på lur.

Dette er morsomt for alle, farten blir styrt av dei som er med.
Rolig eller ekstremt, dere bestemmer, uansett lover vi ein
fantastisk tur! Desse turane er av ulik varighet og kan spesialbestillast og leggjast til rette etter ønskje. Båten har 10 sitteplassar og er sertifisert for 20 personar.
Som vertskap ønskjer vi å skapa eit triveleg opphald og yte best mogeleg service.
Tur til Eljervik Gard med Åkrafjorden Oppleving

- Se bildeserie fra hele turen her -->>
Ønsker du/dere å bli med på denne turen? Ta kontakt med Åkrafjorden Oppleving
|